søndag 28. februar 2010

Andreutkast av Landskap med Gravemaskiner

Diktet er skrive av Rolf Jacobsen (1907- 1994), og var med i samlinga ’’Hemmelig liv’’ som vart gitt ut i 1954. Jacobsen fokuserte på å levere bodskapen i diktet til lesarane, og brukar ikkje rim, rytme og gjentakingar.

 

Diktet handlar for det meste om korleis den teknologiske utviklinga misbrukar og tek over naturen. Jacobsen har tenkt nøye på orda han har brukt i diktet, for dei kan ha fleire tydingar. Vi forstår fort at diktet prøver å fortelje oss at naturen og landskapa er for verdifull til å bli øydelagt med forureining, nye byggingar og teknologisk utvikling.

 

Diktet startar med å skildre seks gravemaskinar som et av skogar. Gravemaskinane blir skildra med auge, lenkjer om føtene og svoltne magar. Oppgåva deira er å gjære om vadefuglane, pelikanane og blåklokkene til asfalt og bygningar. Sitatet ’’ Er dette ei slags helvete?’’ kjem opp midt i diktet. Dette fordi Jacobsen sjølv har eit nært tilhøve til det naturlege landskapet.

 

Vendepunktet i diktet er skrive med sitatet ’’For vadefuglar. For dei altfor kloke pelikanar’’. Vadefuglane og pelikanane kan sjølv skildrast ut frå utsjånaden med store nebb og lange tynne struper som dei samlar mat med. Dette kan vere assosiasjonar til gravmaskinane som er i det naturlege landskapet vårt.

 

Menneska står bak dette, og vi utryddar ressursane så det kanskje ikkje er noko igjen til komande generasjonar. Vi er sjølv ansvarlege for å redde jorda.